Skakke viltgrill er ei 100% naturleg grillpølse, som er ferdig røykt og steama, klar for steikepanna eller grillen.
Nytast helst med ei god potetkake, grovt pølsebrød eller poteter og ein god tyting (tyttebærsyltetøy og rømme blanda i like deler). Passar som turmat, mellommåltid, på eit tapasbord, til frukost eller som middag. Til fest som kvardag. Vert som regel eten av glade og lykkelege folk!
Skakke Viltgrill er samansett av 50% hjort- og elgkjøtt, 25% svinekjøtt og 25% storfekjøtt. Smakt opp med salt, pepar, ingefær og muskat. Pølsene er laga etter gammal norsk oppskrift, har kun naturlege råvarer av beste kvalitet som gir mykje smak, er saftig og har ein nydeleg konsistens. Kjøttet er malt passe grovt slik at ein skal kjenna at det er eit naturleg og ekte produkt utan tilsettingar.
Skakke Viltgrill er i delfinale i Det Norske Måltid 2020 og er på videre kamp om finaleplass.
(Inneheld: elg, hjort, svin, storfe, potetmjøl, salt, ingefær, muskat og vatn).