Dette er ein middagspakke passande for 4 til 6 personar, og inneheld 3 rause middagar: 8 stk. Storfeburger, 3 pk. Lammebollar og 3 pk. Sognalapskaus.
Storfèburgeren er produsert på Vestlands Fjordfè frå Aurland og svinefett frå eigne frittgåande gris.
Lammebollene utan allergen, dvs dei er både gluten og laktosefrie, og har eit kjøttinnhald på heile 92 % Lammekjøtt frå Sognalam, storfekjøt frå Vestlands fjordfe.
Sognalapskaus er eit svært bærekraftig produkt. Grønnsakene kjem frå Lærdal og Lærdal grønt, ein samanslutning av bær og grønnsaksbønder i dalen.
Me lagar Sognalapskaus av dei grønnsakene som ikkje er «pene nok» til å ligga i ei butikkhylle, men som smakar minst like godt. Grønnsakene vert kokte kjøttkrafta me får når me kokar salta og røykt fårekjøt og salta svinekjøt. Produktet inneheld med andre ord både kjøt og grønnsaker, og treng berre varmast opp. Laaang holdbarheit i kjøleskapet i uopna pakke. Produktet inneheld ingen allargen, og er soleis både gluten og laktosefritt.
Alle våre produkt er heilt utan kunstige tilsettingar.