SKAKKELAKS kjem frå anlegg i Sunnhordaland bassenget. Den blir slakta på Bremnes Seashore på Bømlo før me hentar den til oss og foredlar den. Den blir handmassert først med Erling Skakke konjakk, deretter med blanding av salt og sukker. Den blir skylt og tørka for hand før den blir satt til kvile og tørking i ca ett døgn før den blir røykt på fersk nyklippa brakje (einer) og blanding av or og bøk i fleire omganger ute i vårt røykehus.
Ytterskota på einer har den ferskaste og beste aromaen du kan få ut av einer – den gir fisken sødmen og preg av vill natur, i motsetning til røyking på spon.Skakkelaks har ein jamn og god farge frå ytterst til innerst i kjøtet; ein fyldig, men ikkje dominerande smak av verken røyk, salt eller fisk. Smaken skal komma litt etter at du har fått den på tunga, og så skal den ha ein lang og god ettersmak. Konsistensen er lik ytterst til innerst i kjøtet og skal vera saftig men tørr. Og ikkje minst skal den vera mør i kjøttet.
Produktet har fått fleire utmerkelser og har m.a. fått tildelt Spesialitets merke av stiftelsen Matmerk.
(Inneheld: Norsk oppdrettslaks, salt, sukker, konjakk).