Fast og kraftig blåmuggost, handysta av fersk, rå mjølk. Osten blir først modna i ein modningskjellar i to månader. Der blir osten snudd, flytta og stelt kvar veke. Modningskjellaren gjer Råblå ulik andre blåmuggostar i det norske ostelandskapet; modningsskorpa følgjer årstidene og gjev særpreg. Osten blir så pakka inn, og ettermodna på låg temperatur for å få eit rikt smaksbilete. Råblå ystast vanlegvis på kumjølk, men i juni blandar vi ofte i ca 1/5 geitemjølk.
Råblå vann VM-gull i 2018 og vart kåra til årets ost i Det Norske Måltid 2018! Den fekk og sølv i NM i handverksforedla mjølk både i 2015 og 2016, var finalist i det norske måltid 2016.
Smaksnotater frå Matcompaniet: Lys gyllen ostemasse med vakker marmorering av blåmugg.Heftig duft av rå melk, modent høy, alger, syrlige toner – kompleks men behagelig!Munnfølelsen er kremet med tydelige krystaller nesten i retning av lett grynet.Smaken har et søtlig anslag med gode muggtoner, friskhet og salt. Integrerte smaker som med tanke på duften er mildere en man kunne ventet seg. Smaker lenge.