Skakke Røykeri

Viser alle 10 resultater

Skakke Røykeri

  Skakke Røykeri driv med foredling av laks, aure, vilt og andre kjøttprodukt sidan 2009 og er brennande opptatt av å fremja norsk matkultur. Foredling av råvarer slik vikingar hadde kunnskap om er vår kjerneverdi. Naturlege råvarer av beste kvalitet, norske stoltheiter og ansvarleg gjennomsiktig produksjon gjer at me forankrar samspel mellom lokal historie om Erling Skakke og norsk matkultur i alle våre produkt. Skakkelaks og Skakkeaure, som er våre mest kjente produkta, er handmassert med Erling Skakke konjakk og røykt på fersk einer. Produkta er oppkalla etter Erling Skakke Ormsson, norsk riksstyrar og formyndar for sonen Magnus, som åtte år gammal vart krona til Noregs konge i 1164 og regjerte frå Stødle i Etne. Erling Skakke var ein tøff viking som blei mest kjent for sine korsferder til Det heilage land. Under ein kamp med maurarane i Spania fekk han det hogget i halsen som gjorde at han seinare bar hovudet litt på skeive og blei kalla Erling «Skakke». Skakkelaksen og Skakkeauren har fått mykje ros. Begge produkta er tildelt Spesialitets merker av stiftelsen Matmerk, og Skakkeaure var finalist i Det norske måltid i 2018 og NM i 2019. Skakke kjøtt- og viltprodukta av hjort og elg er handtverk av høgaste kvalitet. Alle produkta er laga av kun naturlege råvarer. Viltkjøtt inneheld mykje jern og mineral i tillegg til betydeleg meir omega 3 enn i anna kjøtt. Det er utebeitande dyr og kjøttet reknast som økologisk. Råstoffet kjem frå dyra som me skyt sjølv eller frå jegerlag som me er medlem i. Dyra parterer me sjølv og sel også stykningsdelar av det. Opplevinga av å eta Skakke produkt skal være heilt konge! Du skal veta at me har brukt kun dei beste råvarene og gjennomført foredlinga slik me tar godt vare på råstoffet – slik som vikingar gjorde. Alle våre oppskrifta har gamle tradisjonar men er tilpassa vår moderne kvardag. Heilt konge!
kr 199,00
kr 199,00

Skakke Bålbacon
Skakke Røykeri

kr 349,00
kr 111,00

Skakke Villaks
Skakke Røykeri

kr 798,00

Skakke Viltgrill
Skakke Røykeri

kr 98,00

Skakke Viltkarbonader
Skakke Røykeri

kr 128,00

Skakkeaure
Skakke Røykeri

kr 459,00

Skakkelaks
Skakke Røykeri

kr 459,00

Speka Skakkelaks
Skakke Røykeri

kr 548,00